Samanbygde hus - Langhus

 



Samanbygd hus/langhus på Hopland





I mai 2018 besøkte Linda Skålevik Syslak og mannen hennar på garden deira på Hopland. Dei har m.a. ein sjeldan type bygning, der stova, løa og flor er bygd saman til eit byggverk. Slik var det fleire av før i tida, men kor mange det er att no i Nordhordland er eg usikker på. Her er eit bilete av langhuset slik det var i 2018. Det er altså to nærliggjande langhus i Austrheim , eit på Førland og så dette, om det då ikkje er fleire i denne kommunen.




Samanbygd hus/langhus på Førland


Eg var i Austreim for omlag ei veke sidan og fekk sjå på langhuset på Førland. Vegvesenet ville eigentleg fjerna huset då dei skulle byggja ny veg. Men heldigvis klarte eigaren å stoppa planen og dei fekk sett i stand langhuset. Huset vart då m.a. brukt til kunstutstillingar. Dette er no omlag 30 år sidan og no skal dei leggja nytt torvtak og kledning. Det som også er interessant med dette tunet er at det står også eit gamalt stovehus frå Masfjorden som vart flytta hit og sett opp i byrjinga av 1900. Og til sist er det nye huset som eigaren bygde på 1980-talet, så her kan ein oppleva litt av utviklinga innan byggjeskikken.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Austrheim Vidaregåande Skule (AVS)